Fleire årsaker til utvising
Det er to hovudårsaker til utvising frå Noreg: brot på straffelova og brot på utlendingslova. Brot på straffelova inneber at personen har gjort ei straffbar handling, medan typiske brot på utlendingslova kan vere å ha gitt uriktige opplysningar i samband med ein søknad eller å ha opphalde seg i Noreg utan løyve.
Auken i talet på vedtak om utvising kan blant anna forklarast med at vi har prioritert behandlinga av utvisingssaker. I 2009 byrja vi òg å fatte vedtak om utvising i asylsakar der søkjaren ikkje har opplyst norske myndigheiter om at han tidlegare har søkt asyl i eit anna land, samtidig som vi vedtok at asylsøknaden skulle behandlast i dette landet (såkalla Dublin-vedtak). Dette ga fleire utvisingsvedtak. I tillegg har den store auken i talet på asylsøknader i 2008 og 2009 ført til fleire utvisingssaker i 2009 og 2010.
Over 15 prosent av alle som blei utviste, var irakarar. Andre store grupper var afghanarar, somaliarar og eritrearar. Dette er borgarar frå land vi får mange asylsøknader frå.


Les mer i UDIs årsrapport 2010
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Setter stor pris på om du legger igjen en kommentar!
Ufine kommentarer vil bli slettet.