tirsdag 5. april 2011

Vanskelegare å få familien til Noreg

Færre søknader og høgare avslagsprosent prega familieinnvandringsbiletet i 2010. Den nye utlendingslova har ført til store endringar for dei som ønskjer å flytte til ein familiemedlem i Noreg.

(...)

Strengare krav gav fleire avslag

Nærmare 10 000 personar fekk familieinnvandringsløyve i 2010. Dette er det lågaste talet på mange år, og det er 45 prosent færre enn året før. Færre søknader og registreringsordninga for EØS-borgarar forklarer ein del av denne utviklinga, men i tillegg avviste vi ein langt større del av søknadene enn tidlegare.

Mens regelverket er mjuka opp for EØSborgarar, er krava stramma inn for andre grupper med den nye utlendingslova. Nye og strengare krav til økonomisk forsørgjarevne, og færre høve til å gjere unntak frå desse krava, medverka til at avslagsprosenten gjekk kraftig opp. Det nye kravet til økonomisk forsørgjing inneber at søkjaren må dokumentere at familiemedlemmen som bur i Noreg, har hatt tilstrekkeleg inntekt og ikkje har motteke sosialstønad det siste året. Familiemedlemmen må også vere sikra inntekt i framtida, og ytingar som arbeidsløysetrygd, arbeidsavklaringspengar og eigne midlar kan ikkje lenger reknast med. Det medverka til at avslagsprosenten steig frå 22 i 2009 til 28 i 2010.

Den nye lova stiller i mange tilfelle også krav om at personen som bur i Noreg, skal ha arbeidd eller teke utdanning her i fire år før ein familiemedlem kan få familieinnvandringsløyve. Fireårskravet har hittil hatt avgrensa innverknad på utfallet av søknadene, men det kan ha hatt ein del å seie for kven som valde å søkje.

Vi prioriterte også å ta unna dei eldste og venteleg vanskelegaste sakene i 2010. Avslagsprosenten var høgare for desse søknadene enn for resten av sakene.

(...)

Kven fekk familieinnvandringsløyve?

Mens EØS-borgarar tidlegare stod for store delar av den regulerte familieinnvandringa til Noreg, kom dei største gruppene i 2010 frå Thailand, Filippinane, Somalia, Irak og Russland. Over ein tredel av alle familieinnvandrarane kom frå desse fem landa. Desse landa låg høgt oppe på 2009-statistikken òg. Fleire filippinarar fekk familieinnvandringsløyve i 2010 enn året før, mens vi gav færre løyve til borgarar frå Thailand, Somalia, Irak og Russland.



Kven fekk dei familieinnvandring med?

Det er klare forskjellar når det gjeld kven familieinnvandrarane frå ulike land søkte å bli sameinte med. Fire av ti fekk familieinnvandringsløyve med ein norsk eller nordisk borgar, og blant desse var det flest søkjarar frå Thailand, Filippinane og Russland. Eritrearar og somaliarar fekk for det meste løyve til å bli sameinte med ein familiemedlem som var kommen til Noreg som asylsøkjar, og dei fleste familieinnvandrarane frå India flytta saman med ein familiemedlem som arbeidde i Noreg.

Statistikk: Familie, oppholdsgrunnlaget til personen i Norge



Proformaekteskap gir avslag

UDI avslo i 2010 185 søknader om familieinnvandring fordi vi meinte at ekteskapet var inngått hovudsakleg for å få opphaldsløyve, såkalla proformaekteskap. Dei fleste sakene gjaldt borgarar frå Tyrkia, Somalia, Marokko, Kosovo, Vietnam og Pakistan. I 2009 avslo vi 198 søknader på dette grunnlaget. Den svake nedgangen kan ha samanheng med at vi behandla færre familieinnvandringssaker.


Les mer i UDIs årsrapport 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Setter stor pris på om du legger igjen en kommentar!
Ufine kommentarer vil bli slettet.