fredag 25. februar 2011

Spørsmål til og svar fra: Arbeiderpartiet

Hei viser til spørsmål stilt på deres Facebook side.

Jeg har et spørsmål som jeg visst nok skulle få svar på her inne: Hva er arbeiderpartiet sin egentlige holdning til at en mor eller en far blir sendt ut av Norge, når feks. vedkommende er gift med en nordmann og har et norsk barn, har jobb og betaler skatt? Dette er et generelt spørsmål som ikke går på en enkeltsak! Hva er arbeiderpartiet sin holdning til Barnekonvensjonen og generelt barns rettigheter? Blir litt villedet i forhold til hva dere reklamerer med og hva som er realiteten i dagens samfunn. Synes Arbeiderpartiet at et barn kan holde kontakt via brev og telefon ? Dette er også et generelt spørsmål da dette gjelder mange mange i som er i denne situasjonen. Håper arbeiderpartiet kan svare noe annet enn kan ikke gå inn i enkeltsaker. Nå har jeg poengtert (mange ganger) at dette ikke gjelder enkeltsaker, men generelle spørsmål.

Jeg fikk følgende svar ; Hei, Andrea. Fint om du kunne sendt en mail med de detaljene du lurer på til post@arbeiderpartiet.no

Jeg har tidligere sendt dere mailer uten å ha fått svar, og der ikke helt hensikten med å si at man kan stille spørsmål på deres Facebook side hvis det må gjøres pr. mail etterpå.

Venter i spenning på om det kommer noe svar nå og evt. hva svaret er.


Andrea Fjeldstad





Kjære Andrea Fjelstad,

Dersom du har sendt mail til Arbeidarpartiet tidlegare, utan å få svar, så er det sjølvsagt heilt uakseptabelt. Eg veit at det har vore svært hektisk på partikontoret i det siste, og det er derfor nokre av oss som jobbar i stortingsgruppa, har blitt bedt om å hjelpe til.

Det du skriv om, handlar sjølvsagt ikkje om enkeltsaker. Det har du heilt rett i. Det handlar derimot om at vi lever i verd full av fattigdom og menneske med svært dårlege utsikter til eit liv utan fattigdom. I denne verda er Noreg ei øy av velstand. Derfor er det eit enormt trykk for å kome hit. Menneske gjer alt som står i deira makt for å lykkast med det. Og dei har gjerne eit ekstra press frå familie/slekt/lokalsamfunn i heimlandet, menneske som kanskje har skrapa saman det dei klarer for å få éin person ”innanfor”, som så kan få jobb og sende pengar heim. Dette skal vi ha djup respekt for og forstå.

Men vi kan ikkje løyse fattigdomsproblemet i verda ved at alle kjem hit. Det må vi først og fremst gjere gjennom høge bistandsbudsjett, eit kontinuerleg arbeid for å gjere bistanden meir effektiv, samt ha ein generelt god utviklingspolitikk. Og aktivt søkje å fremje fred, der det er mogleg for Noreg å spele ei rolle. Her leverer Arbeidarpartiet og regjeringa godt, i klar kontrast til det vi kan vente oss frå alternativet som står klar til å ta over i 2013 om dei får lov: H/FrP.

Lærdomen frå tidlegare liberale land som Danmark og Nederland er at ein når ei grense for innvandring frå fattige land der ”vanlege folk” begynner å stemme på høgrepopulistiske parti, og dei tradisjonelt sosialdemokratiske partia hamnar på sidelinja i ei årrekkje. Det svekkar velferdsstaten og alt anna som vi meiner sosialdemokratiske parti bør styre for å sikre. Det er òg ei utfordring å ha ei innvandring frå fattige land som er økonomisk berekraftig, det vil seie at vi har ei innvandrarbefolkning som, samla sett, bidrar meir til fellesskapet økonomisk enn det fellesskapet bidrar med til denne befolkninga.

Derfor kan vi ikkje ha fri innvandring. Og utan fri innvandring, må nokon få nei. Det er aldri hyggeleg, ofte hjarteskjerande. Den som får nei, vil alltid ha gode grunnar for at han eller ho bør bli. Men det kan dei altså ikkje.

Dei som får barn utan å ha varig opphaldsløyve, veit kva dei gjer. Og dei veit at prisen kan vere at dei må flytte frå eigne barn.

Barnet er sjølvsagt uskuldig ”offer” for foreldra sine val. Og eg forstår di tilvising til Barnekonvensjonen, og det som handlar om ”barnets beste”. Vi stiller oss sjølvsagt bak konvensjonen, som Noreg for lengst har ratifisert. Men ei bokstavtolking av denne kan ikkje brukast som ei brekkstang i strid med alle andre omsyn. Eg kan kome på ei rekkje eksempel på at det hadde ført oss inn i det absurde, i alle fall i store dilemma. Er det for eksempel til barnets beste å gje opphald til alle mindreårige som kjem aleine til landet? Økonomisk, definitivt. Men følgja blir at lokalsamfunn i fattige land då, konsekvent, vil sende sine mindreårige av garde, aleine, for at desse skal kome seg ”innanfor”.

Når det er sagt, så har regjeringa sagt at ein vil sjå nærare på omsynet til barn i asylpolitikken, og kome med ei eiga stortingsmelding om dette.

Dette var sikkert ikkje svaret du ville ha, men det var i alle fall eit svar. Det har du sjølvsagt krav på når du tek kontakt med Arbeidarpartiet.


Alt godt,


Jo Heinum
Informasjonsrådgjevar
Arbeidarpartiet si stortingsgruppe

5 kommentarer:

  1. Vel. Ubrukbart møl, til svar. Akkurat som vanlig.

    Hilsen sympatisør, med barna som mister en forelder.

    SvarSlett
  2. Fullstendig vilt. En bokstavtolkning kan ikke brukes som brekkstang mot andre hensyn! Innvandringspolitiske hensyn, går jeg ut ifra. Barnekonvensjonen er klar. Man skal ta hensyn til barnets beste.

    SvarSlett
  3. Med andre ord - og ikke uventa - arbeiderpartiet kjenner seg meget komfortabel med dagens praksis i Udi.

    SvarSlett
  4. Sprøtt... Så egentlig så betyr det at alle innvandrere må ta prisen for at arbeiderpartiet skal sitte ved makta? For å hindre høgrefløyen å komme til makta så vel arbeiderpartiet å heller følge høgrepolitikk sjølv, berre for å sitje ved malta? Kva skal med stemme på dersom alle parti fører samme politikk, i allefall alle de største partiene?

    SvarSlett
  5. Merkelig og at det ikkje går ann å gjere forskjell på mindreårige flyktninger og barn av norske borgere (som har barn med en person fra utenfor EU). Kvifor ikkje? Merkelig alt i samen. Føler me blir straffet for å tru på at me har en viss grad av rettferdighet her i landet. Egentlig burde eg skjønne at eg var dum som vart gravid med ein afrikaner og trudde me skulle få lov å leve saman? Eg burde visst kva eg gjorde? Eg burde vell forstått at eg må ta konsekvensene for det? Eg syns eg tar nok konsekvenser av det allereie eg. Lang ventetid, høge utgifter for reising, økonomisk støtte og telefonrekninger/telekort. For ikkje å snakke om savn, bekymring og det å ikkje kunne planlegge framtida! Det må vell ta slutt ein gang?

    SvarSlett

Setter stor pris på om du legger igjen en kommentar!
Ufine kommentarer vil bli slettet.